Bønehus

Konferansen vil ha eit spesielt fokus på tilbeding, og også på bønehus. Det vert bønehus med bøn og lovsong under heile konferansen på dagtid, utanom møte og veggryddarspor.

Program

Fredag 31.03

17.00 – Innregistrering og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (Bønerommet, 1 time)
19.30 – Åpent velkomstmøte
22.00 – Bønehus til kl 23.00

Laurdag 01.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Morgonmøte
12.30 – Lunsj og bønehus
14.30 – Vegryddarspor (du vel eit)
16.30 – Middag og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (Bønerommet, 1 time)
19.30 – Åpent kveldsmøte
22.00 – Bønehus til 23.00

Sundag 02.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Saman for Hans ansikt (lovsong og bøn til kl. 14:00)
14.00 – Åpent bønehus
15.00 – Vegryddarspor (du fylgjer ditt spor)
16.30 – Middag og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (bønerommet, 1 time)
19.30 – Åpent kveldsmøte
22.00 – Bønehus til 23.00

Måndag 03.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Fellessamling
10.30 – Vegryddarspor (du fylgjer ditt spor)
12.30 – Lunsj og bønehus
14.30 – Vegryddarspor (outreach)
16.30 – Middag og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (bønerommet 1 time)
19.30 – Åpent kveldsmøte
22.00 – Bønehus til 23.00

Tysdag 04.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Åpent avslutningsmøte. Forbøn og utsending
13.00 – Avreise

Vegryddarspor

Velg eit av desse spora, og fylg det gjennom heile konferansen. Du treng ikkje bestemma deg før det byrjar.

Profetisk forbøn

Folk med mykje erfaring med profetisk forbøn (intercession) deler og leier i samhandling

Me ber «Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.» Visste du at Gud oppfyller den bøna i partnarskap med oss?

Dette vegryddarsporet er for deg som veit du har eit kall til profetisk forbøn, eller for deg som vil finne ut meir av kva det er. Det å be saman med Gud, og av og til bli leia av han til å reisa til stader, eller gjere profetiske handlingar, er utruleg spanande. Profetisk forbøn er med og ryddar ein kongsveg i øydemarka. Profetisk forbøn skjer på jorda, men har først verknad i den åndelege verda. Me kan be for eige liv, for våre familiar, for bygd og by og for nasjonar – og di bøn betyr noko! Etter å ha sett utrolige bønesvar, trur me på Walter Wink når han seier: «Historia tilhøyrer forbedarane, som skapar framtida med å tru Gud» (Walter Wink).

Det viktig å stå saman med brødre og systre, og me skal og snakka saman om kor viktig einskap er for bøna, og kor viktig det er å få Guds leiing i kva, kor, når, og kven me skal be saman med.

Korleis starte og oppretthalde bønehus i Europa

Folk med mykje erfaring med bønehus deler og leier i samhandling

Dette vegryddarsporet er noko for deg som drøymer om å starte bønehus, eller er i oppstarten av eit bønehusprosjekt. Me vil snakka om fundamentet i korleis byggje bønehus, og det vil også verte gitt input frå erfarne bønehusleiarar. Dette vert ein slags «ingeniør»-samling der me vil dele erfaringar, gleder og sorger med det å driva bønehus, men også praktisk korleis starte og driva eit i kvardagen. Her vil du få mykje godt å ta med deg heim der du kjem frå, og verte inspirert til å byggje vidare.

Ei profetisk reise gjennom Noregs historie

Håvard Sand, Ungdom i Oppdrag, Hamar

Meir informasjon kjem

Profetisk lovsong og tilbeding

 Folk med erfaring i profetisk lovsong og tilbeding vil dela

Den kristne trua fann vegen til Noreg for over 1000 år sidan, og frå då av har vår nasjon vore på ei reis, der tilbedinga har hatt ein sentral plass, med ulike uttrykk opp gjennom historia. Gud gjer heile tida noko nytt (Jesaja 43,19), og spørsmålet er: Kva ligg på Guds hjarte i forhold til lovsong og tilbeding akkurat no, for denne tida? Mange opplever at det som skjer no i denne tida, er kopla til nettopp historia vår og det som har skjedd før. Å grave opp gamle brønnar har vore noko som har kome opp mykje dei siste åra.

Me ynskjer å invitere lovsongarar og musikarar til samtale, og til å dele sine erfaringar rundt det Gud talar til dei om akkurat no. Dette er noko av det viktigaste i profetisk lovsong og tilbeding. Dei som skal leie lovsongen under møta på Outcry, kjem til å dele litt om kva dei opplever Gud har lagt på deira hjarte, men me gir også rom for at alle som er med på dette sporet kan få dela. Me trur også at det er viktig å byggje relasjonar på tvers av menigheter og landsdelar. Me kjem til å bruke tid til å søkje Gud saman for å lytte til kva Han ønskjer å gjere denne helga. Kanskje opplever me at me skal bruke tid saman i lovsong og tilbeding, eller at me skal dra ut og tilbe utandørs? Me er opne for å gjere det som Herren vil med den tida me har saman.

Lovsongsleiarar og MUSIKARAR

Anne-Linda Bratsberg Thorsen

Anne-Linda er trommeslagar og lovsongar med ein brann for Jesus. Ho reiser rundt i nasjonen og tilber Gud, og er spesielt opptatt av profetisk tilbeding. Anne-Linda er gift med Kjell-Morten. Dei bur i Bergen, der dei pionerer fram Bergen bønehus saman. Ho har publisert tre online kurs som mellom anna handlar om profetisk lovsong og det bibelske fundamentet for å profetere med instrument.

Rodney Burton

Rodney Burton kjem frå Bangor i Irland. Han har vore i Noreg eit tjuetals gonger. Han opplever eit spesielt kall til Noreg. Han er ein profetisk lovsongar og låtskrivar. 

Felix og Moorea Fels

Felix og Moorea er lovsongarar som elskar å tilbe Jesus og høyre frå Han. Dei har jobba fleire år på Impact bibelskule i Bergen. Dei ynskjer å leve overgitt til det Gud gjer og leier til. Felix er frå Tyskland og Moorea er frå Australia, men Gud har leia dei til Noreg.

John Bollen

John Bollen er lovsongsleiar og musikar frå New Zealand. Han har vore lovsongsleiar nokre år i Voss Bønehus, og spelar dei fleste instrument. Han er ein skikkelig kjernekar, og er opptatt av å reise der Gud leier han.

Talarar – Bidragsytarar

Meir enn å høyre ein eller to talarar, kjem me til å ha forskjellege røyster som ber med seg viktige ting i forhold til bøn, bønehus og tilbeding. Her er nokre av dei som kjem.

Øystein Hilleren

Øystein er fødd i 1982, er gift med Sigrid og har fem søner.  Han var med å starte Voss bønehus saman med Anne Marit Dugstad, og er fortsatt med i leiarskapet. Han har eit hjarte for bøn, og for å sjå Voss og Vestlandet forvandla av Gud. I tillegg likar han å sjå menneske møtt av Gud og helbreda på gatene.

Håvard Sand

Håvard SandHåvard ynskjer å sjå at Guds folk forstår tida me lever i, og at me finn vår rolle i Guds plan. Han studerer vekkelseshistoria, og korleis den heng saman med bønebevegelsen. Håvard har skrive fire bøker om å forstå tida og korleis me kan førebu os på det som kjem.

Han er involvert i forlagstenesta til UiO i Noreg, og i profetiske initiativ rundt vår historie som nasjon. Han har vore i UiO sidan tidleg på 90-talet, og var fulltidsmisjonær på Filippinane i mange år. Der møtte han, og gifte seg med Karen.

Ragnhild Aadland Høen

Ragnhild er ei dame med månge jern i elden, og ho har ein spesiell brann for øya Selja i Stad kommune. Ho trur at øya er viktig for at Noreg igjen skal verta Guds, og at bøn og einskap er særs viktig for at vekking kan koma i landet. Saman med mannen har ho og nokre andre kjøpt ein gard på Selja, og der jobbar foreninga «Venner av Selja klostergård» mellom anna for at eit benedectinerkloster skal bli reetablert på øya. Ho ynskjer at bøn og lovsong igjen skal svare til havets ustanselege susing. På bloggen hennar «Sta. Sunniva av Selja» kan du lese om garden dei har kjøpt.

Karen Sand

Karen er gift med Håvard og kjem opprinneleg frå Filippinane, men ekteparet opplevde eit kall til Noreg etter at dei gifta seg. Ho har eit stort hjarte for Noreg og for forbøn for Noreg og verda. Ho er ein av pionerane bak Outcry, og er med i Voss Bønehusråd.

John Malvin Eriksen

John Malvin er frå Bergen, og er pastor i Bethel Bergen. Han er også engasjert i eit prosjekt som heiter «Returning to Jorsal». Dette handlar om å reise tilbake til Jerusalem med seglskipet Christian Radich, ikkje i Vikingingane sin ande, men i fred og forsoning. John Malvin er ein god ven av Voss Bønehus, og er også engasjert i Bergen i brann.

Sean Griffin

Sean er frå Irland og  har eit stort forbønshjarta.  Han har vore mange gonger i Noreg, og er med i Voss Bønehusråd.

Tanja Rønhovde

Tanja er saman med sin mann Olav, hovedpastorar i Credokirken i Bergen. Ho er også rektor for bibelskulen Impact. Tanja brenn for bøn, og lengtar etter meir av Guds manifisterte nærvær midt i blant oss.

Una and John Gere

Una og John kjem frå Irland, men har i mange år vore leiarar på The City of David Prayer House i Jerusalem, Israel. (Det var der David reiste sitt tabernakel). Før det var dei misjonærar på Stillehavsøyane. Dei har også reist mye og inspirert om tilbeding og bøn, om Israels viktige rolle og gleda ved å vere i Guds nærleik. Dei har to søner, seks barnebarn og to oldebarn.

Ole Merkesvik Ådland

Ole bur i Ortnevik, Sogn, saman med si kone Camilla og deira fire born. Her er dei med og driv Sogn Bønehus, som dei gjerne kallar eit moderne kloster. Dei har tre tidebøner kvar dag, og også ein forbønssesjon der dei ber for forskjellige tema. Ole bærer på ein lengsel etter å leve enkelt, vere nær Gud, menneske og naturen.

Barna er hjarteleg velkomne

Barn er hjarteleg velkomne på konferansen og har gratis inngang. Dei betalar halv pris på mat. Dette gjeld opp til 16 år. Dei over 16 år betalar full pris.

Me har eigne barnemøte under formiddagsmøta.

Me ynskjer i tillegg å gje rom for barna på møta.

Konferanselokalet

Konferansen kjem hovedsakeleg til å ha sine aktivitetar i Vonheim, som er foreningshuset til Voss KFUK-KFUM, og i Nainkyrkja.

Adressa Vonheim er Hestabakkvegen 1, 5700 Voss. Adressa Nainkyrkja er Hestavangen 20, 5700 Voss. Avstand til togstasjonen er ca 5 min gange.

Påmelding og priser …