Det er på høg tid med Outcry igjen, og me er glade for å invitere deg til å bli med oss i palmehelga – fredag 31. mars til tysdag 4. april. Tema i år er: «Ein kongsveg gjennom øydemarka».
Årets konferanse blir både historisk, profetisk og strategisk.
Historisk fordi me er med Gud i ein større historie. Me ser tilbake på og byggjer vidare på Noregs kristne arv og dei keltiske røtene.
Profetisk fordi me brukar tid til å høyre kva Gud har å seie, og deler med kvarandre kva me opplever Han viser oss for Vestlandet og for Noreg. Me trur også at kvar enkelt vil bli oppmuntra og oppbygd!
Strategisk fordi me anerkjenner at relasjoner med kvarandre er særs viktig, og me vil invitere til ei heilag samling der me kjem saman for å møte Gud, og for å søkje Han for Vestlandet og Noreg. Me vil be om at Han skal ause ut sin Ande over oss på nytt. Når me samlast, vil me gje svar på Guds rop til oss gjennom vår bøn og tilbeding.
Me opplevde på sist Outcrykonferanse i 2019 eit sterkt Gudsnærvær, og forventar også at årets konferanse vert ein stad der me får erfara mykje av Hans nærvær og herlegdom.
«Høyr, det er ein som ropar i heia: Rydd veg for Herren, lag gjennom øydemarka ein kongsveg for vår Gud!» Jesaja 40,3
Mange blir med oss på konferansen, mellom anna:
* Rodney Burton, profetisk lovsangar og låtskrivar, Irland
* Håvard og Karen Sand, House of His presence, Noreg
* John Malvin Eriksen, pastor Bethel Bergen
* Øystein Hilleren, leiar av Voss Bønehus
* Ragnhild Aadland Høen, Venner av Selja Klostergård
* Ole Aadland, forbedar Sogn Bønnehus
* Anne-Linda Bratsberg Thorsen, lovsangsleiar og trommeslager, Noreg
* Sean Griffin, forbedar, Irland
* Una og John Gere, leiarar på The City of David Prayer House, Jerusalem, Israel
* Tanja Rønhovde, pastor og bøneleiar, Credo,
Medarrangørar / støttepartnarar
Voss Bønehus, Bergen Bønnehus, Nordhordaland Bønnehus, Sogn Bønnehus, Venner av Selja Klostergård, Nasjonalt Bønneråd, Bergen i brann, Kronstad Bønnehus, Credokirken.
program
Fredag 31.03
17.00 – Innregistrering og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (Bønerommet, 45 min)
19.30 – Åpent velkomstmøte
22.00 – Bønehus til kl 23.00
Laurdag 01.04
08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Morgonmøte
12.30 – Lunsj og bønehus
14.30 – Vegryddarspor (du vel eit)
16.30 – Middag og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (Bønerommet, 45 min)
19.30 – Åpent kveldsmøte
22.00 – Bønehus til 23.00
Sundag 02.04
08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Saman for Hans ansikt (lovsong og bøn til kl. 14:00)
14.00 – Åpent bønehus
15.00 – Vegryddarspor (du fylgjer ditt spor)
16.30 – Middag og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (bønerommet, 45 min)
19.30 – Åpent kveldsmøte
22.00 – Bønehus til 23.00
Måndag 03.04
08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Fellessamling
10.30 – Vegryddarspor (du fylgjer ditt spor)
12.30 – Lunsj og bønehus
14.30 – Vegryddarspor (outreach)
16.30 – Middag og bønehus
18.00 – Lytte til Gud for kvelden (bønerommet 45 min)
19.30 – Åpent kveldsmøte
22.00 – Bønehus til 23.00
Tysdag 04.04
08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Åpent avslutningsmøte. Forbøn og utsending
13.00 – Avreise