Program og info

Bønehus

Konferansen vil ha eit spesielt fokus på tilbeding, og også på bønehus. Det vert bønehus med bøn og lovsong under heile konferansen på dagtid, utanom møte og seminartid

Program

Fredag 12.04

17.00 – Innregistrering og bønehus
18.15 – Bønemøte (bønerommet)
19.00 – Åpent velkomstmøte med Johannes Hartl
21.30 – Bønehus til kl 23.00

Lørdag 13.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Morgonmøte med Johannes Hartl
12.30 – Lunsj og bønehus
15.00 – Familieprat med Rhonda Mathisen, Johannes Hartl m.fl.
16.30 – Middag og bønehus
18.15 – Bønemøte (bønerommet)
19.00 – Åpent kveldsmøte med Johannes Hartl
21.30 – Bønehus til 23.00

Søndag 14.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Saman for Hans ansikt (lovsong og bøn)
14.00 – Åpent bønehus
15.00 – Seminar
16.30 – Middag og bønehus
18.15 – Bønemøte (bønerommet)
19.00 – Åpent kveldsmøte med Rhonda Mathisen
21.30 – Bønehus til 23.00

Mandag 15.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Morgonmøte med Rhonda Mathisen
12.30 – Lunsj og bønehus
14.00 – Outreach på Voss
16.30 – Middag og bønehus
18.15 – Bønemøte (bønerommet)
19.00 – Åpent kveldsmøte med Rhonda Mathisen
21.30 – Bønehus til 23.00

Tirsdag 16.04

08.00 – Bønehus
09.15 – Bønemøte (bønerommet)
10.00 – Åpent avslutningsmøte. Forbøn og utsending
13.00 – Avreise

Seminar

Be og tilbe i takt med himmelen

Rosanne Develing, The Tabernacle House of Prayer, Amsterdam

Eit praktisk og bibelsk seminar for forbedarar, sangarar og musikarar. Få ei bibelsk forståing og praktiske verktøy for korleis du kan sjå himmelen kome ned når du ber og tilber.

Bønehus som livsstil

Hanna McKibben, International House of Prayer, Kansas City

Kva er poenget med å ha eit 24/7 bønehus? Kva vil det sei å leva som ein forbønsmisjonær (intercessory missionary)? Lær meir om krafta i bøn og korleis me kan jobba saman med Guds hjarte for å sjå Hans rike gå fram gjennom bøn.

For ei tid som denne – å forstå tida

Håvard Sand, Ungdom i Oppdrag, Hamar

Ester hadde opplevd stor favør og Guds forberedelse i sitt liv. Ho hadde vorte drotning over eit stort rike, men det var fyrst då ho forstod tida ho levde i, at hennar liv verkeleg fekk mening og retning.

På same måte som Ester har mange opplevd Guds forberedelse utan heilt å forstå kva dei er kalt til å vere ein del av. Dette seminaret vil vise deg noke av det Gud gjer i dag, spesielt i bønebevegelsen. Du vil forstå at du er forberedt for å vere med på Guds store gjerningar i ei tid som denne. Kom, og bli inspirert.

Forvandle atmosfæren med lovsong

Mary Elizabeth Kolsrud, Bergen Lovsangsskole / Normisjonen

Du har ei unik autoritet som lovsongar. Me vil sjå på både bibelske eksempel der atmosfæren blei forvandla av lovsong, og vitnesbyrd om at det same skjer i dag. Seminaret vil setje deg i stand til å forløyse Guds nærvær i lovsong over stadar, menneske og situasjonar, slik at det ei himmelsk forvandling kan skje.

Lovsongsleiarar

Hannah McKibben

Hannah McKibben er opprinneleg frå Bergen, men har dei siste fem åra vore busett i Kansas City. Der jobbar ho som lovsongsleiar og profetisk sangar på Jon Thurlow sitt lovsongsteam ved International House of Prayer i Kansas City (IHOP-KC).

I tillegg jobbar ho som pianolærar og coach for lovsongsteam ved International House of Prayer University (IHOPU).

Mathias Furnes

Mathias FurnesMathias Furnes kjem frå Åsane i Bergen, og er ein fantastisk lovsongsleiar med eit stort hjarta for bønehus. Etter eit år på International House of Prayer (IHOP-KC) drøymer han om å sjå lovsong og bøn stiga frå det norske folk natt og dag framfor Guds trone, og at menigheten skal finna sin plass i intimitet med sin Skapar.

Han leier til vanleg lovsong i Passion Åsane, Bergen i Brann og Kristkirken i Bergen.

Talarar og seminarhaldarar

Johannes Hartl

Johannes HartlJohannes Hartl har eit brennande hjarta etter å kommunisera ein fascinasjon for Gud og hans skjønnheit, og er kjent for å kombinere åndeleg djupn med humor, og det intellektuelle med det praktiske. Han vart fødd i 1979, har doktorgrad i katolsk teologi og er leiar i bønehuset i Augsburg, Tyskland.

I 2005 starta han og kona Augsburg bønehus, og siden 2011 har dei hatt 24/7 kontinuerleg bøn og lovsong. Bønehuset er besøkt av tusenvis, og dei arrangerer kvart år konferansen Mehr. Han har også skrive mange bøker og reiser internasjonalt som talar.

Du kan lese meir på: https://johanneshartl.org og https://www.gebetshaus.org/

Rhonda Mathisen

Rhonda HugheyRhonda Mathisen (tidlegare Hughey) har eit hjarte etter å sjå menneske og stadar forvandla av Gud, og at hans nærvær og herlegdom skal bli synleg. Fleire av hennar bøker er gitt ut på norsk, mest kjent er «Desperat etter Guds nærvær». Rhonda reiser internasjonalt som taler, har vore med i hovudleiarteamet i International House of Prayer og var med på arbeidet rundt «Transformation»-filmane. Rhonda er en noregsven, og har gifta seg med ein nordmann.

Les meir om Rhonda på http://fusionminestry.com.

Rosanne Develing

Rosanne DevelingRosanne Develing har tjent som lovsongsleiar i «Tabernacle House of Prayer» i Amsterdam i meir enn sju år, og var i International House of Prayer i tre og eit halvt år før det.

Ho er lidenskapeleg oppteken av Jesus og elskar å lære truande om intimitet med Gud, bøn og forståing av tida vi lever i. For tida jobbar ho i staben til «Ungdom i Oppdrag» i Amsterdam.

Håvard Sand

Håvard SandHåvard ynskjer å sjå at Guds folk forstår tida me lever i og finner si rolle i Guds plan. Han studerer vekkelseshistorien, og korleis den heng saman med bønebevegelsen, og har skrive tre bøker om å forstå tida og korleis me kan forberede oss for det som kjem.

Han er involvert i forlagstenesta til UiO i Norge og profetiske initiativ rundt vår historie som nasjon. Han har vore i UiO siden tidleg på 90-talet og var fulltidsmisjonær på Filippinane i mange år.

Mary Elizabeth Kolsrud

Mary ElizabethMary Elizabeth brenn for å sjå forvandling gjennom lovsong og å trene lovsongarar i Norge og Europa til å bere Guds nærvær. Ho kjem frå USA, men fekk eit kall om å flytte til Norge i 2012, etter å ha leia ein lovsongsskule i Texas i mange år.

No er ho gift med ein nordmann, er mor og leier ei lovsangsteneste kalt «Disciples of Worship». Ho jobber i Normisjon Hordaland og leder Bergen Lovsangsskole.

Barnerom

Barn er hjarteleg velkomne på konferansen og har gratis inngang.

Me har eit barnerom som er ope under formiddagsmøta:

  • Kl. 10-12 lørdag
  • Kl. 10-14 søndag
  • Kl. 10-12 mandag

Rommet har leiker og utstyr til diverse aktivitetar. Det vil vera minst 1 vaksen til stades heile tida.

Konferanselokalet

Konferansen kjem hovedsakeleg til å ha sine aktiviteter i Vonheim, som er foreningshuset til Voss KFUK-KFUM.

Adressa er Hestabakkvegen 1, 5700 Voss. Avstand til togstasjonen er ca 5 min gange.

Påmelding og priser …