Om Outcry

Outcry er ein bøne- og lovsongskonferanse på Voss, med eit spesielt fokus på tilbeding, og på bønehus. Det starta i 2015, og dette er tredje konferansen me arrangerer.

Me trur at tilbeding er noko av det viktigaste me som kristne gjer. Tilbeding er eit rop om å få sjå Herren. Då Jesus gjekk inn i Jerusalem, sa han at om ikkje me vil tilbe ham, vil steinane rope (Luk. 19, 40). Me arrangerer Outcry som eit rop om at Han skal kome.

Når me ser Han, ser me at Han er verdig. Me ynskjer å sjå ein generasjon som samlast fordi Jesus Kristus er trekkplasteret, ein generasjon som elskar Han, vil møta Han og opphøgja Han. Me lengter etter at tilbeding i Ånd og sanning skal fylle forsamlingane på Vestlandet og i Noreg, og at Guds nærvær skal kome sterkt.

I Habakuk 2,14 står det at Herrens herlegdom skal fylle jorda, slik som havet dekkjer havets botn. Me trur at sann tilbeding er ein nøkkel til at Vestlandet og Noreg skal verte fyllt av Hans nærvær. Me drøymer også om at visjonen om 24/7 bøne- og lovprisningsstader skal gripe hjarta til dei som kjem på konferansen.

Voss Bønehus er hovudarrangør for konferansen, i samarbeid med menigheter på Voss og i Bergen.

Outcry – Herrens rop etter oss

Outcry – Menneskets rop etter Gud

Outcry i tilbedelse – Grensesprengande møtepunkt mellom menneske og Gud

Komitéen

Hovudleiing og administrasjon

Øystein Hilleren
Tlf: 920 42 554
E-post: oystein{a}vossbonehus.no

Bønehus

Anne Marit Dugstad
Tlf: 481 35 573
E-post: annema.dugstad{a}gmail.com

Praktisk ansvarleg og overnatting

Irene Skjervheim
Tlf: 416 87 880
E-post: irene.sk{a}online.no

Lovsongsansvarleg

Anne-Linda Bratsberg Thorsen
Tlf: 916 31 261
E-post: annelindabt{a}gmail.com

Program

Karen Sand
Tlf: 906 40 043
E-post: ciforerunners{a}yahoo.com

PR og påmelding

Kjell-Morten Bratsberg Thorsen
Tlf: 909 83 079
E-post: kjellmorten{a}gmail.com

Komiteen 2019

Komiteen 2019

Hovud-arrangør

Voss Bønehus

Medarrangører / støttepartnarar

Misjonskyrkja Voss, JesusFellesskapet, Bergen i Brann, Kristkirken i Bergen og Impact bibelskole.